Svartefela

 

18. september 2013 fekk mange torridølar, pluss folk frå Øvrebø, Finsland og Greipstad, del i den fantastiske historia om fela som tok liv, som forsvann, og som blei funnen att ganske så øydelagd i Iowa 150 år seinare. Det var historikar og spelemann Paul Sveinall og felemakar Øystein Rød som fortalde om korleis det gjekk med dette spesielle instrumentet.

 

Svartefela 2 Sveinall
Paul Sveinall med Svartefela. Foto: H.O. Steen

 

Det heile begynte med at Paul Sveinall i ungdomen las i ættesoga for Øvrebø om spelemannen Nils Stubstad og kva som hende i eit bryllaup på Greibesland i 1851. Der blei fela knust og spelemannen drepen. Etterpå var fela vekk – kanskje ikkje så rart, for fela var laga av forheksa materiale som felemakaren Søren Fleskåsen frå Finsland hadde fått av ein einauga mann. Materialet var ikkje av beste slaget, derfor beisa Fleskåsen fela svart for å skjule dei verste skavankane. Kvar gong det blei spelt på denne fela i bryllaup, blei det slåssing og spetakkel. Folk meinte det var ei vond ånd i fela og gav ho namnet Svartefela.

Men kor var det blitt av fela etter det som hende på Greibesland? Jo, Dorothy Roiseland i Iowa hadde fela. Det viste seg at far til Sverre Strai, som døde i 1975, hadde late etter seg eit skriv frå fetteren, Adolph Roiseland i Amerika, der det stod at han hadde fela. Halvbror til spelemannen Nils Stubstad hadde i si tid tatt vare på fela. Sonen hans utvandra til Sør-Dakota, og han fekk limt fela saman. Sonen hans var Adolph Roiseland. Han overtok fela og gav ho vidare til ein av sønene sine, som var gift med Dorothy Roiseland.

Sverre Strai kontakta Paul Sveinall, som blei einig med Roiseland-familien om å få fela til Norge for restaurering, og sommaren 2011 tok nabo til Sverre Strai på Nærbø, Mark Flaig, med seg fela på flyet etter eit besøk i Amerika.

I Grimstad overtalte Paul Sveinall felemakaren Øystein Rød til å reparere ho. Dorothy Roiseland godkjende det heile, og Sverre Strai bidrog med midlar til restaureringa. Rød hadde fyrst lita tru på at det gjekk an å få fela spelbar att, men han greidde det. På møtet synte han bilde av fela slik ho var då han starta på restaureringsarbeidet, og prosessen undervegs.

 

Svartefela slik ho var, og slik ho blei (foto: Øystein Rød):

Svartefela 3før

Svartefela 4før

Svartefela 5før

Svartefela 6nå

Svartefela 7nå spelRød

Øystein Rød spelte nokre slåttar, og det var fin klang i fela.

No er fela tilbake i Amerika.

Til slutt las Rød diktet Dåm:

 

Svartefela 7 Dåm