hjs hist julemøtet 22 Sylfest forsaml

 

Julemøte med lokale namn og ord i Bibelen

Tekst og foto: Harald Steen

 

70 torridølar trassa 14 kuldegrader 14. desember for å høyra Sylfest Lomheims språklege sideblikk.

Sylfest tok utgangspunkt i Odderøya. «Odder» er ei fordansking av oter, som elva òg har sitt namn av. Der finn ein Karanteneholmen. Karantene kjem av det franske ordet for 40. I gamle dagar måtte sjuke vera 40 dagar og 40 netter i karantene. Lasarettet – ordet kjem av Lasarus, han kjenner me frå Bibelen.

I kvadraturen finn me Posebyen – det har ikkje noko med posar å gjera. Igjen eit fransk ord. Då Kristiansand blei grunnlagt i 1641, var fransk det dominerande militærspråket. Og i byen var det ein festning og mange soldatar. «Reposé» tyder kvile, så Posebyen = kvilestaden.

Så kjem me til Strai, «street» og «straight» på engelsk – strak er same ordet – altså strake beinvegen over sletta. Det har versert fleire forklaringar på namnet Torridal. Sylfest meinte at det kjem av «torra», som tyder, gjødsel – det er blitt til «Torreid» og Torridal. Frogner i Oslo tyder det same, men kjem av eit anna ord: «fraua» = skumma. Det å spreia gjødsel og ha ein gjødselsmark var det beste dei kunne ha. Augland (Aukland, Øgland, Økland, Ugland) er eigentleg auka land, tilleggsjord. Mosby kjem av «mórbø» = slette + åker, eng, «by» er i slekt med bonde, av buande, derav bygd.

Reiser ein vidare, kjem ein til Kvarstein. «Kvar» kjem av verbet kverva = forsvinna, venda seg unna. Ved Kvarstein vender elva seg rundt berghammaren. Sylfest fortalde at han passerer to «Kvarstein» på toget til Oslo. Den andre er Gvarv, der kv vert uttala gv. Samkom er det same som Åmot, det er der to elver renn saman, altså elvemøte. Skarpengland tyder skrinn jord, og «hæge» i Hægeland er det same som heilag; heilagt er det som er heilt, ordet helse kjem av det same. Under krigen misbrukte og øydela Quisling og NS den gamle, fine helsinga «heil og sæl», som betyr helse og lukkeleg.

Homstean har ikkje noko med homse å gjera. Hom, Homme finn ein fleire stader. Det er det same som Kvam i Gudbrandsdalen, elles på austlandsk Hvam, og er eit landskapsbeskrivande ord; der dalen svingar litt inn og ut igjen. «Stean» er ei lita flate, same ordet som «stedje» (utt.: steie).

– Sånn er det = Amen (på hebraisk), slo Sylfest fast. Då er me over i det religiøse språket. – Halleluja! «Ja» = Gud, og «hallelu» er lydhermande ord for å syngja på hebraisk.

Sylfest Lomheim var språkkonsulent for den siste bibelomsetjinga. Denne har ei betre omsetjing av ein del ord og uttrykk. Han meinte det var lite sannsynleg at Jesu blei fødd i Betlehem – at Josef skulle setja høggravide Maria på eit esel og reisa frå Nasaret til Betlehem. Det er berre Lukas som skriv dette. Lukas hadde ein agenda; nemleg å få ættetavla til å stemma, ho skulle føda i Davids by.

Sylfest var òg i tvil om himmelfarten. Ein evangelist seier det skjedde frå Oljeberget aust for gamlebyen i Jerusalem, ein annan skriv Karmelfjellet ved Nasaret. Oljeberget er i alle fall feil omsetjing, det skulle vore Olivenåsen, som det òg står i omsetjingar på andre språk. (– Oljeberget på norsk er vel helst «oljefondet»!)

Kva tid blei Jesus fødd? Det står at han vart fødd i kong Herodes dagar. Men Herodes den store døydde i år 4 f.Kr. Og «Kvirinius var landshovding i Syria». Men det var han 6–7 år e.Kr. Så blei Jesus fødd føre sin fødsel? Og blei han fødd av ei jomfru? I GT er det ein spådom om at Messias skulle fødast av ei ung kvinne. Ung kvinne er ordet som er brukt på hebraisk. Men då Bibelen blei omsett til gresk, nytta dei eit ord som tyder jomfru. I Jes. 7,14 står det i 2011-omsetjinga: «Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son.» Eit anna eksempel på at den siste omsetjinga er meir korrekt, er dette: I juleevangeliet i Lukas stod det tidlegare: «… for det var ikkje rom åt dei i herberget». Det måtte ein retta på, for i Israel på den tida var det ingenting som kunne omtalast som herberge, så nå står det: «… for det var ikkje husrom for dei».

Det kan òg nemnast at Maria er den greske varianten av namnet Mirjam. Og Jesus heitte aldri Jesus, han heitte Jesua (same ordet som Josva og Jesaia). Både Mirjam og Jesua var blant dei mest populære namn i jødedomen på den tid og i våre dagar.

Etter foredraget song Sylfest «Fager er jordi».

hjs hist julemøtet 22 Sylfest

 

Fager er jordi
Etter Ingeman, omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirson Rystad

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.

Tider skal koma, tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi, menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

 

hjs hist julemøtet 22 grøt 2  hjs hist julemøtet 22 grøt 1  hjs hist julemøtet 22 RO

 

Då pausen kom, hadde Svein Eriksen julegrauten klar, med sukker, kanel og saft. Og sjølvsagt blei det kaffi og julekake frå Moseid. Reidar Omdal smitta forsamlinga med sitt gode humør og vitsar under trekninga, der det var same gevinsten til alle som vann. Så det var mange som gjekk glade heim med ein pose Twist. Torfrid Nordal las som vanleg ei munter og underfundig historie, slik berre ho kan. Julemøtet blei avslutta med «Deilig er jorden».